Eurovision Song Contest 2018 (ESC 2018), offisielt 63. Eurovision Song Contest, var den 63. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert i MEO Arena i Lisboa, Portugal, som vann Eurovision Song Contest i 2017, med semifinaler 8. og 10. mai og finale 12. mai.[1]
43 land deltok i Eurovision Song Contest i 2018. Russland returnerte til tevlinga, etter ein pause på eitt år.[2]
Etter ein røysteprosess basert på eit format med 50 prosent juryrøyster og 50 prosent telefonrøyster, vann Israel tevlinga for fjerde gong, med «Toy» av Netta Barzilai. Austerrike vann juryrøystinga, med Sverige på andre plass og Israel på tredje plass. Israel vann telefonrøystinga, med Kypros på andre plass og Italia på tredje plass. Dette var Israel sin fjerde seier i tevlinga.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Lisbon revealed as Host City of the 2018 Eurovision Song Contest!» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 25. juli 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «All Aboard! Lisbon welcomes 42 countries to Eurovision 2018.» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 7. november 2017.