Eurovision Song Contest 2023
|
|
|
|
Offisiell tittel 67. Eurovision Song Contest |
|
Dato
|
Semifinale 1 |
9. mai 2023
|
Semifinale 2 |
11. mai 2023
|
Finalen |
13. mai 2023
|
Vertskap
|
|
|
Varigskap
|
Opningsnummer
|
Pausenummer
|
Bidrag
|
|
|
Kart
|
|
|
Røysting
|
Eurovision Song Contest
|
|
Eurovision Song Contest 2023 va den 67. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmar av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga fann stad i Liverpool i Storbritannia etter at Ukraina, som vann i 2022 med «Stefania» og Kalush Orchestra, ikkje kunne stå vertskap på grunn av den russiske invasjonen av Ukraina.[1] EBU tilbaud i staden arrangørjobben til andreplassen Storbritannia. Britiske BBC takka ja til oppdraget og produserte tevlinga på vegner av Ukraina.[3]
Eurovision Song Contest 2023 bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 9. mai, ein semifinale torsdag 11. mai og finalen laurdag 13. mai. Dei tre framsyningane vart haldne i M&S Bank Arena og vart overførte direkte til alle deltakarlanda og andre land som kjøpte senderettane. Programleiarar for alle sendingane var den britiske songaren Alesha Dixon, den ukrainske songaren Julija Sanina og den britiske skodespelaren Hannah Waddingham, med tv-programleiar Graham Norton som fjerde programleiar i finalen.[4]
I Eurovision Song Contest 2023 deltok 37 land, tre færre enn året før, og det laveste talet med deltakarland sidan 2014. Bulgaria, Montenegro og Nord-Makedonia stod over over av økonomiske årsaker.[2] Av deltakerlanda måtte 31 land gjennom éin av dei to semifinalane, der 20 av dei kvalifiserte seg til finalen. I tillegg deltok vertslandet Storbritannia og resten av de fem «store landa» i finalen, i tillegg til vinnarlandet året før, Ukraina, slik at finalefeltet består av 26 land. Vinnaren vart kåra av fagjuryar og sjåarar. Kvart deltakarland gav to sett med 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittland: eit poengsett frå den nasjonale fagjuryen, og eitt frå den nasjonale telefonavrøystinga. Vinnaren var den som fekk flest poeng totalt.
Dette var niande gongen at Storbritannia arrangerte Eurovision Song Contest, etter sist å ha vore vertskap i Birmingham i 1998. Dette var også fyrste gongen sidan 1980 at Eurovision Song Contest vart arrangert i eit anna land enn føregåande vinnarland.[3]
Tevlinga vart vunnen av Sverige, med Loreen og låten «Tattoo». Dette var den sjuande sigeren til Sverige og andre gongen Loreen vann Eurovision Song Contest.[5][6] Finland, Israel, Italia og Noreg utgjorde resten av topp fem. Noreg deltok med Alessandra Mele og låten «Queen of Kings».
- ↑ 1,0 1,1 «Liverpool will host Eurovision 2023». Eurovision.tv (på engelsk). 7. oktober 2022. Henta 7. oktober 2022.
- ↑ 2,0 2,1 «Eurovision 2023: Here are the 37 countries competing in Liverpool». eurovision.tv. Henta 20. oktober 2022.
- ↑ 3,0 3,1 «Why is the United Kingdom hosting Eurovision on behalf of Ukraine in 2023?». eurovision.tv (på engelsk). 7. oktober 2022. Henta 8. oktober 2022.
- ↑ «Eurovision 2023: Hosts revealed for Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 22. februar 2023. Henta 22. februar 2023.
- ↑ «Sweden's Loreen wins the Eurovision Song Contest 2023». eurovision.tv. Henta 14. mai 2023.
- ↑ «Sverige og Loreen vant Eurovision Song Contest 2023». NRK.no. Henta 14. mai 2023.