Eurovision Song Contest 2024

Eurovision Song Contest 2024
Offisiell tittel
68. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 7. mai 2024
Semifinale 2 9. mai 2024
Finalen 11. mai 2024
Vertskap
Stad
Malmö Arena i Malmö i Sverige[1]
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
37
Attende
Luxembourg
Ikkje med
Romania
Diskvalifisert
Nederland (frå finalen)
Kart
Røysting
Vinnar
Sveits med «The Code» av Nemo Mettler
Eurovision Song Contest
Liverpool 2023 2025

Eurovision Song Contest 2024 var den 68. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen. Tevlinga fann stad i Malmö i Sverige etter at Loreen og «Tattoo» vann Eurovision Song Contest 2023 for Sverige.[1] Tevlinga blei organisert og produsert av Sveriges Television i samarbeid med EBU. Dette blir den sjuande gongen Sverige står vertskap, og det var tredje gongen Malmö var vertsby for Eurovision Song Contest.

Tevlinga bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 7. mai, ein semifinale torsdag 9. mai og finalen laurdag 11. mai. Dei tre showa blei arrangert i Malmö Arena, som også husa tevlinga i 2013.[1] Sendingane blei overført direkte til alle deltakarlanda og andre land med senderettar.

Til saman deltok 37 land, like mange som året før. Luxembourg returnerte til Eurovision Song Contest etter å ha vore fråverande sidan 1993. Av deltakarlanda måtte 31 land gjennom ein av dei to semifinalane, der 20 av dei kvalifiserte seg til finalen. I tillegg deltok vertslandet Sverige og dei «fem store landa» i finalen, slik at finalefeltet bestod av 26 land. Vinnaren blei kåra av fagjuryar og sjåarar.

Tevlinga blei vunne av Sveits og Nemo med låten «The Code».[2][3] Dette var den tredje sigeren til Sveits i Eurovision Song Contest. Nemo blei også den fyrste ikkje-binære personen til å vinne Eurovision Song Contest. Kroatia enda på andreplass etter å ha vunne telefonavrøystinga. Dette er den beste plasseringa til Kroatia i tevlinga. Ukraina, Frankrike og Israel utgjorde resten av topp fem. Noreg deltok med Gåte og låten «Ulveham».

  1. 1,0 1,1 1,2 «Malmö will host the 68th Eurovision Song Contest in May 2024». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 7. juli 2023. Henta 7. juli 2023. 
  2. «Switzerland's Nemo wins the Eurovision Song Contest 2024». eurovision.tv. Henta 12. mai 2023. 
  3. «Sveits vant Eurovision Song Contest 2024». NRK. Henta 12. mai 2023. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne