Eva er eit kvinnenamn. Namnet kjem av eit hebraisk namn frå Første Mosebok i Bibelen, Cawa. Namnet vart som omsett til Eva i den greske bibelomsetjinga (Septuaginta). Namnet kan koma frå det hebraiske omgrepet for liv, chai, men etymologien er uviss. I Bibelen går det fram at Eva var den første kvinna, slik Adam var den første mannen. Namnet Eva eller Evadotter kan nokre gonger verta bruka om alle kvinner.