Everybody Knows This Is Nowhere Studioalbum av Neil Young med Crazy Horse | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. mai 1969 | |
Innspelt | Januar og mars 1969 | |
Studio | Wally Heider Recording i Hollywood i California | |
Sjanger | ||
Lengd | 40:29 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Neil Young, David Briggs | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Neil Young (1968) |
Everybody Knows This Is Nowhere | After the Gold Rush (1970)
|
Singlar frå Everybody Knows This Is Nowhere | ||
|
Everybody Knows This Is Nowhere er det andre soloalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young og det første der han er akkompagnert av Crazy Horse. Albumet kom ut i mai 1969, berre fire månader etter det første, og var nesten heilt motsett av det polerte debutalbumet. Albumet nådde 34. plassen på den amerikanske Billboard 200 og låg 98 veker inne på lista frå august 1970.[3] Albumet har selt til platinaplate i USA.
Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[4] I 2003 vart albumet rangert på 208. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.