Evolusjonen av fuglar er trudd å ha byrja i den geologiske perioden jura, for ca. 200 til 146 millionar år sidan. Dei tidlegaste fuglane stammar frå ein klade av theropode dinosaurar nemnt Paraves. Fuglar er kategorisert som ein biologisk klasse, Aves. Den tidlegaste kjende er «urfuglen», Archaeopteryx lithographica, frå sein jura alder, men Archaeopteryx ikkje er allment sett på som ein ekte fugl. Moderne fylogeni plasserer fuglar i dinosaurkladen theropodar. Ifølgje dagens konsensus, så er Aves saman med ei systergruppe, den biologiske ordenen krokodillar, dei einaste levande medlemmar av ein «reptil»-klade, Archosauria.
Klassen Aves er vanlegvis definert fylogenetisk som alle etterkommarar av den siste felles stamfaren til einkvar moderne fugleart, til dømes gråsporv, Passar domesticus, og anten Archaeopteryx,[1] eller ein enno ukjent forhistorisk art nærare dagens fuglar.[2] Viss den sistnemnde klassifiseringa brukast, blir den større gruppa kalla Avialae. Førebels er tilhøvet mellom dinosaurar, Archaeopteryx og moderne fuglar uklåre.