Exile on Main St. Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. mai 1972 | |
Innspelt | oktober 1970, juni 1971 til mars 1972 | |
Studio | Olympic Studios i London; Nellcôte i Frankrike; Sunset Sound Recorders i Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 67:07 | |
Selskap | Rolling Stones | |
Produsent | Jimmy Miller | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
Sticky Fingers (1971) |
Exile on Main St. | Goats Head Soup (1973) |
Singlar frå Exile on Main St. | ||
|
Exile on Main St. er eit album av det engelske rockebandet The Rolling Stones. Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum og er musikalsk ei blanding av rock & roll, blues, country og soul. Exile fekk i starten nokså lunken mottaking, men vert i dag rekna som eit av dei beste albuma til bandet og eit av dei største meisterverka i rockehistoria.[12] I 2003 vart albumet rangert på 7. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[13] Dette var den høgaste plasseringa til Stones på lista.