| |||
Type nettstad | Nettsamfunn | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | 111 språk Liste over språk
| ||
Grunnlagd | 4. februar 2004 | ||
Tilgjenge | Globalt, utanom einskilde land | ||
Eigar | Meta, Inc. | ||
Grunnleggjar(ar) | Mark Zuckerberg Eduardo Saverin | ||
Adm. direktør | Mark Zuckerberg | ||
Morselskap | Meta, Inc. (tidl. kalla Facebook, Inc.) | ||
Nettstad | www | ||
Registrering | Ja | ||
Brukarar | 2,85 milliardar aktive brukarar (per 31. mars 2021) | ||
Lansering | 4. februar 2004 | ||
Status | Aktiv | ||
Programmert i | C++, Hack, D |
Facebook er eit nettsamfunn. Det vart opphavleg laga for universitetsstudentar og fakultet i USA, men har sidan spreidd seg til å femne om vener, skular og geografiske område.[1]
Nettsamfunnet har over 2850 millionar månadlege brukarar på verdsbasis.[2]
Brukarane lagar ein profil som inneheld personleg informasjon, bilete og interesser. Deretter kan dei opprette relasjonar til andre brukarar, utveksle private og offentlege meldingar og melde seg inn i ulike typar grupper. Sida er gratis å bruke.