Fame av David Bowie

Fame
Singel av David Bowie
frå albumet Young Americans
B-side

Right

Utgjeve 25. juli 1975
Innspelt Januar 1975
Studio Electric Lady, New York City
Sjanger
Lengd 3:30 (singel)
4:12 (album)
Selskap RCA
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar)
Produsent
David Bowie-kronologi 
Young Americans
(1975)
Fame Golden Years
(1975)
David Bowie-kronologi
Never Let Me Down
(1987)
Fame Real Cool World
(1992)


«Fame» er ein song spelt inn av den engelske musikaren David Bowie i 1975 for albumet Young Americans. Seinare vart han gjeven ut som den andre singelen frå albumet på RCA Records i juli 1975. Songen var skriven av Bowie, Carlos Alomar og det tidlegare Beatles-medlemmet John Lennon, og spelt inn i Electric Lady Studios i New York City i januar 1975. Det er ein funkrocksong som omhandlar korleis Bowie (og Lennon) er misnøgde med problema kjendistilværet fører med seg.

Songen vart ein stor suksess i Nord-Amerika og vart den første singelen til Bowie som gjekk til topps på ¨Billboard Hot 100-lista og den kanadiske singellista. Songen var ein av dei meir suksessrike singlane det året og vart rangert på sjuandeplassen på Billboard Year-End Hot 100. Songen var ikkje like populær i Europa og nådde 17. plassen på UK Singles Chart og niandeplassen på VG-lista i Noreg.

I 1990 miksa Bowie songen på ny under tittelen «Fame '90» i samband med Sound+Vision-turneen hans. «Fame» har sidan kome ut på mange samlealbum, og vart ommastra i 2016 som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976).

Songen er ein av fire Bowie-songar som er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll.

  1. Taylor, Steve (2006). The A to X of Alternative Music. Continuum. s. 45. ISBN 0826482171. Arkivert frå originalen 5. juli 2014. Henta 31. juli 2021. «...'Fame', a funk workout...» 
  2. Elliott, Paul (30. mai 2016). «The Top 20 Greatest Funk Rock Songs». Classic Rock Magazine. Arkivert frå originalen 22. mars 2018. Henta 4. februar 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne