Far'un | |||
فرعون, Far'oun, Far'on | |||
kommune | |||
Namneopphav: Farao | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tulkarm guvernement | ||
Koordinatar | 32°17′09.39″N 35°01′22.55″E / 32.2859417°N 35.0229306°E | ||
Areal | 4,3 km² | ||
Folketal | 3 100 (2007) | ||
Folketettleik | 721 / km² | ||
![]() Far'un 32°17′09″N 35°01′23″E / 32.285941666667°N 35.022930555556°E | |||
Wikimedia Commons: Faroun town |
Far'un (arabisk فرعون) er ein palestinsk by i Tulkarm guvernement nordaust på Vestbreidda, fem kilometer sør for Tulkarm nær grensa til Israel. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Far'un eit folketal på 3 100 innbyggjarar i 2007.[1]
Det samle landarealet til byen er 8 800 mål, men nesten halvparten av dette har blitt konfiskert av israelske styresmakter. Av det noverande området på 4 333 dekar er 495 utbygde område.[2] Kring 70 % av landområdet til byen er planta med olivenlunda, 5 % for sitrusdyrking, guava og mandeltre.[3]
Dei fleste arbeider innan jordbruk eller i Israel.[3] Far'un har ein moské, to skular, eit legekontor og eit barnevernssenter. Like utafor Far'un ligg Khirbet Nus Jbeil som vart bygd i 1265, tileigna mamelukk-leiaren Baibars.[4]