Fargespekter

Fargespekteret er eit ord som skildrar alle synlege former for monokromatisk lys, det vil seie lys med éi bestemt bølgjelengde. Regnbogen inneheld alle fargane i fargespekteret. Grunnfargane høyrer til fargespekteret, men nokre fargar og nyansar består av fleire enn éi bølgjelengde og finst difor ikkje i fargespekteret (og dermed ikkje i regnbogen). Døme er fargar som kvit, rosa, brun og grå.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne