Ferdinand av Braunschweig

Ferdinand av Braunschweig

Statsborgarskap Brunswick-Wolfenbüttel
Fødd 12. januar 1721
Braunschweig
Død

3. juli 1792 (71 år)
Braunschweig

Yrke offiser
Språk tysk
Medlem av Illuminatar
Far Ferdinand Albrecht II
Mor Antoinette Amalie av Braunschweig-Wolfenbüttel
Ferdinand av Braunschweig på Commons
Hertug Ferdinand av Brunswick

Ferdinand av Braunschweig (fødd 12. januar 1721 i Wolfenbüttel, død 3. juli 1792 i Braunschweig), hertug av Braunschweig-Lüneburg, var ein preussisk feltmarskalk (1758–1766) som er kjend for deltakinga i sjuårskrigen.

Som den fjerde sonen av Ferdinand Albert II av Brunswick-Lüneburg, slutta han seg til dei væpna prøyssiske styrkane som oberst i 1740. Han deltok i slaget ved Mollwitz og slaget ved Chotusitz. Etter at markgreven Wilhelm av Brandenburg vart drepen i Praha i 1744, fekk Ferdinand kommandoen over Leibgarde-bataljonen til Fredrik II av Preussen og utmerkte seg stort i slaget ved Soor (1745), spesielt i åtaket på ei bratt klippe, som vart forsvart av den eldre broren hans Ludwig Ernst von Braunschweig-Wolfenbüttel. Ferdinand deltok i den andre schlesiske krigen, der han hadde ei leiande rolle i invasjonen av Sachsen og Böhmen i 1756 under sjuårskrigen. Han deltok i slaget ved Rossbach og vart så kommandør over den allierte hæren til kurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg. Under ti år med fred, var han nært knytt til det militære arbeidet til Fredrik II av Preussen, som leia vakt-bataljonen og prøvde å gjere han til ein modell for heile den prøyssiske hæren. Ferdinand var òg ein av kongen sine næraste vener og vart forfremma til generalmajor og så generalløytnant.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne