Ferrarbreen | |||
isbre | |||
Ferrarbreen
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°49′S 162°42′E / 77.817°S 162.700°E | ||
Lengd | 55 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Ferrarbreen 77°49′06″S 162°31′33″E / 77.81838°S 162.52588°E | |||
Wikimedia Commons: Ferrar Glacier |
Ferrarbreen er ein isbre i Antarktis. Han er kring 55 km lang og flyt frå platået i Victoria Land vest for Royal Society Range til New Harbour i McMurdo Sound. Isbreen snur til høgre (austover) nordaust for Knobhead, der han flyt inntil Taylorbreen. Frå der held han fram austover langs sørsida av Kukri Hills til New Harbour.
Han vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04) under kaptein Robert Falcon Scott, som namngav breen etter Hartley T. Ferrar, ein geolog på ekspedisjonen. Namnet Ferrarbreen vart opphavleg gjeve både til denne delen av breen og delen av Taylorbreen nedanfor høresvingen. Thomas Griffith Taylor, ein geolog på Terra Nova-ekspedisjonen, under Scott, fann bevis for at dei to delane ikkje var ein enkel isbre, men to brear som låg inntil kvarandre. Scott gav då namna Ferrarbreen og Taylorbreen til dei to breane. Taylorbreen svingar til venstre ved Cavendish Rocks og flyt aust langs nordsida av Kukri Hills.[1]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet gnis