Fiat

Fabbrica Italiana Automobili Torino (FIAT)


Org.formS.p.A.
BransjeBilindustri
Skipa11. juli 1899
Eigenandel iInnocenti
HovudkontorTorino
LandItalia
Produktbil
Grunnleggjar(ar)Giovanni Agnelli
StyreleiarJohn Elkann (2010)[1]
Adm.dir.Olivier François
Nettstadhttps://www.fiat.com/ (engelsk)
Fiat Grande Punto - Auto Moto Show Katowice 2006.

Fiat er eit merkenamn som høyrer til bilprodusenten Fabbrica Italiana Automobili Torino basert i Torino i Italia. Namnet er eit akronym laga av det italienske namnet: Fabbrica Italiana Automobili Torino. Det stavar også det latinske ordet fiat som tyder 'lat det bli', eit uttrykk for håp og styrke som i fiat lux, 'lat det bli lys'. Verksemda vart starta av Giovanni Agnelli i 1899. Ho omsette for 35,88 milliardar euro i 2010.

Frå slutten av 1960-åra har Fiat kjøpt eller vunne kontroll over ei rekke selskap, mellom anna:

  • Bilprodusentar: Ferrari, Lancia, Alfa Romeo og Maserati.
  • Nyttekjøretøy: OM og Iveco.
  • Landbruksmaskiner: New Holland og det canadiske merket Flexy-Coils.
  • Anleggsmaskiner: produsert av Fiat-Hitachi Construction og New Holland Construction.
  • Bussar: Fiat, Iveco og Irisbus.
  • Flyindustri: fly og relaterte komponentar vert produsert av FiatAvio, som også kontrollerer EVL, som driv med romindustri.
  • Militære køyretøy.
  • Komponentar: den største, italienske komponentprodusenten, Magneti-Marelli er eigd av Fiat og i sin tur eig denne verksemda merke som Carello, Automotive Lighting, Siem, Cofap, Jaeger, Solex, Veglia Borletti, Vitaloni, Automotive Lighting og Weber.
  • Stålverk og metallurgi: Fiat eig Teksid.
  • Forlag, publisering, media: Fiat-gruppa er også eigar av forlag som La Stampa, Itedi og Italiana Edizioni. Gruppen eig også fleire riks- og lokalaviser eller kontrollerer dei gjennom ulike selskap.
  • Finansielle tenester: Eit viktig forsikringsselskap, Toro Assicurazioni, gjev Fiat ei kontrollerande marknadsposisjon.
  • Bygg/anlegg: Ingest Facility og Fiat Engineering arbeider på ei rekke ulike sektorar, og IPI er eit formidlingsselskap som også driv med eigedomsforvaltning og drift.
  • IT: Fiats verksemd på denne sektoren skjer gjennom ICT - Information & Communication Technology, Espin, Global Value, TeleClient, Atlanet.

Fiat eig også skianlegga i Sestrieres (denne byen i Alpene er skapt av Agnelli-familien).

  1. https://www.cleveland.com/business/2010/04/agnelli_heir_john_elkann_to_ch.html.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne