Figuren Harry Potter

Harry Potter

Fullt namn Harry Jakob Potter
Originalnamn Harry James Potter
Alias Guten som overlevde og Den utvalde
Fødd 31. juli 1980
Art Menneske og tollmann
Blodstatus Halvblods
Titlar Tretrollmannsdeltakar
Kjønn Mann
Hårfarge Svart
Augefarge Klåre grøne
Hudfarge Ljos
Hambuse Desperant
Skytsverje Kronhjort
Yrke Svartespanar
Galtvorthus Griffing
Lojalitet Galtvort

Harry Jakob Potter er hovudfiguren i Harry Potter-serien. Han er fødd 31. juli 1980. I bøkene er han skildra som spinkel og låg for alderen, med grøne auge og svart hår. I filmane blir Harry Potter spelt av Daniel Radcliffe.

Harry er ein trollmann. Dette er ein eigenskap han har frå foreldra sine, Jakob og Lilly Potter. Den synske heksa Rakel Rummelfiold såg i ein profeti at Harry skulle verta den som kunne sigra over den vonde Fyrst Voldemort. Profetien hennar lydde slik:

«Han med makt til å knuse Myrknherren er på veg … Han skal setjast til verda hjå dei som tre gonger har trassa Myrknherren, når den sjuande månaden døyr … Myrknherren skal varast han som sin like, men han skal eige krefter som er Myrknherren ukjende … Den eine må døy for den andre si hand, for så lenge begge lever, kan ingen av dei leve … Han med makt til å knuse Myrknherren, skal fødast når den sjuande månaden døyr …»

Voldemort fekk vita dette, og då Harry var eitt år gamal, prøvde Voldemort å drepa han. Han klarte ikkje det, fordi Harry var beskytta av kjærleiken frå mora. Men Harry fekk eit arr i panna, og foreldra hans døydde. Etter denne hendinga, forsvann Voldemort sporlaust.

Harry Potter er kjend for å ha eit arr i panna si, forma som eit lyn.

Harry veks opp saman med tanta si, Petunia Dumling, som er ein gomp (ikkje-magikar), og familien hennar. Dei seier til Harry at foreldra hans døydde i ei bilulukka, og fortel han ingenting om den eigentlege bakgrunnen hans, fordi dei ikkje likar noko som har med den magiske verda å gjera. Familien Dumling behandlar Harry svært dårleg, særleg samanlikna med søskenbarnet Dudleif, som er jamgamal med Harry. M.a. må Harry bu i eit skåp under trappa. Truleg gjorde dei livet hans surt i den trua at det ville pressa magien utav han.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne