Finansdepartementet (FIN) | |||
| |||
Offisielt namn | Finansdepartementet, Finans- og tolldepartementet, Finans-, handels- og tolldepartementet | ||
---|---|---|---|
Type | Departement | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 1814[1] | ||
Org.nummer | 972417807 | ||
Statsråd | Trygve Slagsvold Vedum (Sp) | ||
Hovudkontor | Akersgata 40, Oslo | ||
Undergrupper | Regjeringa i Noreg | ||
Tilsette | 314 (2014)[2] | ||
Jurisdiksjon | Noreg | ||
Nettside | https://www.regjeringen.no/no/dep/fin/ |
Finansdepartement i Noreg skal planlegge og setje i verk den økonomiske politikken, samordne arbeidet med statsbudsjettet, syte for at det offentlege får inn skattar og avgifter, og overvake og utarbeide reglar for tilsyn og verksemd i finansmarknadane.
Finansdepartementet blei oppretta i 1814, etter at Noreg erklærte seg som ein sjølvstendig stat. Departementet skulle vareta viktige oppgåver for den nye nasjonen knytt til økonomien og finansane i staten.
Finansdepartementet er rekna som det mektigaste departementet i Noreg, fordi dei fleste forslag frå andre departement har økonomiske konsekvensar som blir analysert og vurdert av Finansdepartementet.
Departement held til i den gamle regjeringsbygningen («G-blokka») i Akersgaten 40 i Oslo.