Finnmark fylke | |||
Finnmárkku fylka | |||
fylke | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Nord-Noreg | ||
Adm.senter | Vadsø | ||
Areal | 48 616 km² | ||
• land | 45 984 km² | ||
• vatn | 2 632 km² | ||
Folketal | 75 053 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 2 / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Fylkesordførar | Hans-Jacob Bønå (H) | ||
Fylkesnummer | 56 | ||
![]() Finnmark fylke 70°07′09″N 27°35′16″E / 70.11907°N 27.58779°E | |||
Wikimedia Commons: Finnmark | |||
Nettstad: www.ffk.no |
Finnmark (nordsamisk Finnmárku,[1] kvensk Finmarkku[2]) er eit norsk fylke. Det er det nordlegaste og største fylket i flatevidd, men det minste i folketal. Det grensar til Troms fylke i vest, til Lappland (kommunane Utsjoki, Inari og Enontekiö) i Finland i sør og til Murmansk oblast i Russland i aust. Fylket er heile 12,9 % større enn Danmark. Finnmarksvidda dekkjer 36 % av flatevidda. Frå 2020 til 2023 var Finnmark ein del av Troms og Finnmark fylke. Finnmark blei eit eige fylke igjen frå og med 1. januar 2024.
Namnet «Finnmark» kjem av finn, ordet dei norrøne brukte for samar, og mǫrk, som tydde ‘grenseområde, vilt område’.[3] Samane sin «hovudstad», og sete for Sametinget, er i Karasjok i Finnmark.