Firda

Firda
TypeDagsavis
FormatTabloid
Oppretta1917
Første trykk1917
Opphald i produksjonenNS-styrt frå
1942 - 1945
MålformNynorsk
Regionavis forSogn og Fjordane
(Kjerneområde: Sunnfjord)
EigarskapAmedia (100%)
Opplag11 634 (2014) 
RedaksjonskontorFirdavegen 12
Postnummer6800
StadFørde
Ansvarleg redaktørKai Aage Pedersen  (2018-)
NyhenderedaktørTrond J. Grimeland  (2011-)
Kulturredaktør ()
Nettstadfirda.no
Firda

Firda vart grunnlagt i 1917 av Kristian Ulltang som eit bygdeblad for Indre Sunnfjord. Føremålet var å stå imot mediedominans frå Florø, som var den einaste byen i regionen.

Firda har i seinare tid rekna heile Sunnfjord som nedslagsfelt. Avisa dekkjer i dag kommunane Sunnfjord, Kinn, Hyllestad, Gulen, Solund, Askvoll, Fjaler, Gloppen og Høyanger.

Redaksjonen held til på Øyrane i Førde. Historisk har den mellom anna halde til i Elvehuset i Førde Sentrum. Firda hadde tidlegare avdelingskontor i Dale, Florø, Høyanger, Askvoll og Sandane.

Avisa hadde i 2005 eit opplag på 14.008 aviser med i gjennomsnitt 35 sider, seks dagar i veka. Dette gjorde Firda til den største avisa i dåverande Sogn og Fjordane framom Sogn Avis. I 2020 var opplagstalet 11.724.

Per 2006 hadde avisa 65 årsverk delt på 75 tilsette, og selskapet hadde ein omsetnad på 73,8 millionar kroner. I 2019 omsette avisa for 63 millionar kroner, og hadde 31 tilsette fordelt på 30 årsverk.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne