Firdaposten | |||
Type | Dagsavis (tre dagar i veka) | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid | ||
Oppretta | 1948 | ||
Første trykk | 1948 | ||
Målform | Nynorsk | ||
Lokalavis for | Flora og Bremanger (Ytre Sunnfjord) | ||
Eigarskap | A-pressa (100%) | ||
Opplag | 4 871 (2014) | ||
Redaksjonskontor | Markegata 65 | ||
Postnummer | 6900 | ||
Stad | Florø | ||
Ansvarleg redaktør | Svend Arne Vee (2006) | ||
Politisk posisjon | Tidlegare AP-avis | ||
Nettstad | Firdaposten.no |
Firdaposten er ei lokalavis for kommunane Kinn og Bremanger, med hovudkontor i Flora. Ho vart grunnlagt i 1948 som eit partiorgan for Arbeidarpartiet. Avisas første redaktør var Guttorm Hansen, seinare stortingspresident. Firdaposten gjekk frå to til tre utgåver i veka allereie i 1956. I 1988 gjekk avisa opp til fire utgåver i veka. Firdaposten var dagsavis i frå desember 1994 til ut på nyåret i 1996. A-pressen (no Amedia) kjøpte Firdapostens konkurrent, avisa Firda i Førde i 1995. Det fekk konsekvensar for Firdaposten i Florø som i dag er attende til tre utgjevingar i veka. Frå 2018 kjem avisa ut to gonger i veka på papir. Redaksjonslokalet ligg i Florø.