Firenze | |||
by | |||
Domkyrkja i Firenze.
| |||
|
|||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Toscana | ||
Provins | Firenze | ||
Høgd | 50 m | ||
Areal | 102,32 km² | ||
Folketal | 360 930 (1. januar 2023)[1] | ||
Postnummer | 50100 | ||
Retningsnummer | 0 184 | ||
Firenze 43°46′17″N 11°15′15″E / 43.771388888889°N 11.254166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Florence |
Firenze (latin Florientia, kalla Florence, Florens og liknande på mange andre språk) er ein by i Italia ved elva Arno. Han er hovudstad i provinsen Firenze og i regionen Toscana og har om lag 360 000 innbyggjarar, medan storbyområdet har over 500 000.
Byen vert rekna som fødestaden til den italienske renessansen. Firenze var frå 1865 til 1870, etter samlinga av Italia, hovudstad i landet. Byen var lenge dominert av den mektige Medici-familien (1434-1494, 1512-1527 og 1530-1737). I mellomalderen var Firenze eit handelssentrum i Europa.
Firenze er kjend for all den flotte kunsten og arkitekturen og har vorte kalla «mellomalderen sitt svar på Aten». Det historiske sentrumet av Firenze vart erklært verdsarvstad av UNESCO i 1982.