Fjernkopling

Fjernkopling (frå engelsk teleconnection) innan meteorologi syner til forskjellige klimamønster og anomaliar i dei atmosfæriske sirkulasjonane som påverkar kvarandre over store avstandar, typisk tusenvis av kilometer eller på planetær skala. Endringar i desse systema kan til dømes påverke plasseringa og intensiteten til jetstraumane og slik påverke temperatur, nedbørmengder, lågtrykksbanar og høgtrykksplasseringar over store område.[1]

Endringar i klimamønstra oppstår naturleg i det kaotiske atmosfæresystemet, både internt i den dynamiske atmosfæren og gjennom endringar i havoverflatetemperaturen som så påverkar atmosfæren.[1] Dei kan ofte vere hovudårsaka bak unormale vêrmønster som skjer samstundes over store avstandar. Til dømes var vinteren 1995/1996 særs kald og snørik aust i Nord-Amerika, samstundes som vinteren i Nord-Europa og Skandinavia var kald og Sør-Europa og Nord-Afrika fekk ein særs våt og stormfull vinter. Desse var alle dels knytte til det same fjernkoplingsmønsteret: ein kraftig negativ fase av den nordatlantiske oscillasjonen (NAO).[1]

Ein av dei mest kjende fjernkoplingane, og den første som vart oppdaga, er koplinga mellom lufttrykket i Tahiti og Darwin i Australia, som definerer den sørlege oscillasjonen og er med å setje i gang El Niño og La Niña-episodar. Eit anna døme er koplinga mellom vêret nær jordoverflata og stratosfæren, til dømes gjennom brå stratosfæriske oppvarmingar som påverkar polarvirvelen og kan føre til iskalde vintrar.

  1. 1,0 1,1 1,2 Teleconnection Introduction, National Weather Service - Climate Prediction Center 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne