Flesberg stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Kongsberg | ||
Sokn | Flesberg | ||
Fellesråd | Flesberg | ||
Type | krosskyrkje | ||
Teknikk | stavverk og tømmer | ||
Material | tre | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Preikestol | frå 1600-talet | ||
Døypefont | frå ca. 1735, 8-kanta | ||
Altartavle | frå 1745, oljemåleri på lerret | ||
Diverse | to orgel | ||
![]() Flesberg stavkyrkje 59°51′46″N 9°25′59″E / 59.862666°N 9.433049°E | |||
Wikimedia Commons: Flesberg stavkirke |
Flesberg stavkyrkje er ei stavkyrkje som ligg i Flesberg kommune i Numedal. Den eldste delen av kyrkja er rekna å vera frå siste del av 1100-talet eller fyrste del av 1200-talet. Opphavleg var dette ei kyrkje med rektangulært kyrkjeskip og fire frittståande indre stavar som bar eit forhøgd midtparti, omgjeve av ei omgang. I aust hadde kyrkja eit smalare kor og ein apsis, og kring det heile gjekk ei svalgang. I skriftlege kjelder finn ein dei første referansane til kyrkja i 1359.
Etter ei utviding og ombygging i 1735 vart kyrkja ei krosskyrkje. Skipet var forlenga og to tverrskip vart tilbygde i lafteverk. Av den opphavlege stavkyrkja finst berre tre av ytterveggane i skipet, ettersom både koret, austveggen og den indre stolpereisinga vart rivne då kyrkja vart utvida.
I samanlikning med dei andre stavkyrkjene i dalen er kyrkja naturleg nok sparsamt dekorert innvendig, av di så mange av dei opphavlege delane frå mellomalderen er borte. Vestportalen er av ein velkjend type med to vangeplankar med utskorne drakar og ranker, og med halvsøyler inn mot opninga. Men dei vart skamhogde då kyrkja vart utvida.
Benkane hadde opphavleg dører, men desse vart fjerna omkring 1870.[1] På enden av kvar benk er gardsnamn påført (ca 1802), dei gardane som hadde gitt mest til kyrkja fekk benkar lengst framme. Kyrkjeklokkene fra 1500-talet, den eine støypt om i 1776 etter skade. Kyrkja har to orgel.
Kyrkjegarden er inngjerda med store reiste steinheller. Desse er synleg på måleri frå 1701 (dette er kanskje det eldste eksisterande måleri av ei stavkyrkje).[2] Fleire av steinane har jernringar for tjoring av hestar, kvar bonde han sin faste plass slik innskrift i hellene/ringane viser (den eldste innskrifta frå 1661). Dei frittståande steinhellene utanfor kykrjegarden hadde same funksjon (kalla tjoringssteinar), denne såkalla hestegarden var det gapestokk og rettarstad. Steinhellene vart frakta på vinterføre frå garden Haukeli vest for Lågen.
Prestegarden med hovudbygning frå 1823 ligg like ved.