59°51′55″N 9°26′02″E / 59.865327°N 9.434012°E
Flesberg prestegard ligg i åsen eit par hundre meter nord for Flesberg stavkyrkje. På prestegarden står fire bygningar som vart freda av Riksantikvaren i 1991: hovudbygning (frå 1823), kårstove (ca. 1730, flytta til prestegarden), stabbur for forpaktar og stabbur for prest (frå 1800-talet). Anlegget er rekna for å ha verdi som kyrkjeleg kulturminne.[1]
Vest for kyrkja er Galgehaugen, der det kan ha vore rettarstad og gravhaug.[2][3]