Focus II

Focus II
Studioalbum av Focus
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1971
Innspelt 13. april–14. mai 1971
Studio Sound Techniques og Morgan Studios
London i England
Sjanger Progressiv rock, jazz fusion, hardrock, instrumental rock, proto-metal
Lengd 41:40
Selskap Sire Records
Produsent Mike Vernon
Focus-kronologi 
Focus Plays Focus
(1970)
Focus II Focus 3
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
MelodicMusic5/5 stars

Focus II (meir kjend under den internasjonale tittelen Moving Waves) er det andre studioalbumet av det nederlandske progrockbandet Focus, utgjeve i oktober 1971 på Imperial Records. Etter at Martin Dresden og Hans Cleuver slutta i bandet i 1970, henta bandet inn Cyril Havermans på bass og Pierre van der Linden på trommer og byrja å arbeide på nye songar. Albumet inneheld «Hocus Pocus», den mest populære singelen til bandet, og «Eruption», eit 23 minuttar langt spor basert på operaen Euridice av Jacopo Peri.

Focus II fekk stort sett positiv omtale då det kom ut. Det er eit av dei bestseljande albuma til bandet og nådde andreplassen på UK Albums Chart og åttandeplassen på den amerikanske Billboard 200. «Hocus Pocus» kom ut som singel i 1971, men gjekk ikkje inn på lista før 1973 då han klatra til niandeplassen i USA[2] og 20. plassen i Storbritannia.[3] Albumet har seld til gullplate i USA.[4]

  1. «allmusic ((( Moving Waves > Overview )))». www.allmusic.com. Henta 3. desember 2019. 
  2. Hilton, Robin (15. juli 2008). «Old Music Tuesdays: Focus». NPR.org (på engelsk). Henta 3. desember 2019. 
  3. «Focus - Full Official Chart History - Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 3. desember 2019. 
  4. Berry, Peter E. Berry (1977). «... and the Hits Just Keep on Comin' » (1st utg.). Syracuse, N.Y.: Syracuse University Press. s. 170, 205. ISBN 9780815601340. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne