Ein folkehelt er ein type helt som blir beundra av folk, vanlegvis på grunn av store bedriftar.[1] Ein slik helt kan byggje på ein verkeleg, oppdikta eller mytologisk person,[2] og blir rekna som viktig av ei folkegruppe eller mindre samfunnsgruppe. Ein folkehelt kan også vera ein nasjonalhelt.
Den einaste eigenskapen som skil ein populær heilt frå andre karakterar, er viktigheita av namnet hans, personlegdommen hans og handlingar i den kollektive fantasien. Dette nærværet i populært medvit blir bekrefta av referansane til denne karakteren i folkesongar, soger og andre former for folkeminne eller poulærkulturelle former som litteratur og media.
Sjølv om nokre folkeheltar har vore verkelege historiske skikkelsar, er dei vanlegvis ikkje det. Fordi liva til desse folkeheltane vanlegvis ikkje er baserte på historiske oppteikningar, blir eigenskapane og gjerningane deira ofte overdrivne til mytologiske proporsjonar.
Folkehelten byrjar ofte livet sitt som ein normal person, men blir forvandla til ein framståande person av viktige hendingar, ofte som svar på sosial urettferd, konflikt eller nokre gonger naturkatastrofar. Mange er populære talsmenn mot undertrykking eller korrupsjon i den eksisterande maktstrukturen; fleire medlemmer av denne heltekategorien har vore fredlause. Same person kan også vera både folkehelt og folkeskurk (engelsk folk devil), anten blant ulike grupper eller til ulike tider.[3][4]