Fool to Cry

Fool to Cry
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Black and Blue
Utgjeve 26. april 1976
Innspelt 7. til 15. desember 1974
Sjanger Rock
Lengd 5:04
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi 
«Ain't Too Proud to Beg»
(1974)
Fool to Cry «Hot Stuff»
(1976)


«Fool to Cry» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet Black and Blue frå 1976.

Songen vart spelt inn i desember 1974 og vart skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Songen er ein roleg ballade. Mick Taylor hadde akkurat forlate bandet og dei stod no utan ein sologitarist. Innspelinga av Black and Blue fungerte som ein slags audition for nye gitaristar, og dette er årsaka til at Wayne Perkins spelar gitar på denne songen. Jagger spelar elektrisk piano, medan Nicky Hopkins spelar akustisk piano på songen. Hopkins spelar òg noko synthesizer.

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå Black and Blue den 20. april 1976. Han nådde sjetteplassen på den britiske singellista og tiandeplass i USA. I Noreg gjekk songen opp til åttandeplassen.

Gitaristen Richards sovna medan bandet spelte songen på ein konsert i Tyskland[1]

  1. «Fool to Cry» av the Rolling Stones Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. songfacts. 2007.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne