Foreplay/Long Time

Foreplay/Long Time
Singel av Boston
frå albumet Boston
Utgjeve 7. januar 1977
Innspelt 1975–1976
Sjanger Hardrock, progressiv rock
Lengd 7:47 (2:25 for introen «Foreplay»)
3:05 (singel)
Selskap Epic
Låtskrivar(ar) Tom Scholz
Produsent John Boylan & Tom Scholz
Boston-kronologi 
«More Than a Feeling»
(1976)
Foreplay/Long Time «Peace of Mind»
(1977)


«Foreplay/Long Time» er ein song skriven av Tom Scholz og framført av det amerikanske rockebandet Boston på det sjølvoppkalla debutalbumet. Songen var òg gjeven ut som den andre singelen frå albumet, på Epic Records i 1976. Han kombinerer ein instrumental introduksjon kalla «Foreplay» med hovudsongen «Long Time». «Long Time» nådde 22. plassen på Billboard Hot 100 i veka som enda 5. mars 1977.[1] I Canada nådde songen niandeplassen på singellista.[2] Instrumentalen «Foreplay» vart gjeven ut som B-side til den neste singelen deira, «Peace of Mind», som kom ut i april.[3]

I eit intervju for Best of Boston sa Scholz at «Foreplay» var den første songen han spelte inn, og han gjorde dette på ein tosporsopptakar i kjellaren sin.[4] Scholz sa òg at det var det første musikkstykket han skreiv, og at han skreiv det heilt attende i 1969.[5][6][7]

Ein alternativ miks av songen finst på Epic Records-promoplata It's a Knockout.

  1. Rock Movers & Shakers by Dafydd Rees & Luke Crampton, 1991 Billboard Books.
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rpm
  3. «Peace of Mind». Hung Medien. Henta 15. mai 2020. 
  4. «Boston History». Boston. Arkivert frå originalen 1. juni 2012. Henta 15. mai 2020. 
  5. «Boston Musikars: Tom Scholz». Boston. Henta 16. mai 2017. 
  6. Koziowski, J. (1. januar 1977). «Boston: Of Basements, Beer and Bread». Henta 15. mai 2020. 
  7. Crowe, C. (10. august 1978). «Boston: The Band from the Platinum Basement». Rolling Stone. s. 37–42. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne