Fortunate Son av Creedence Clearwater Revival frå albumet Willy and the Poor Boys | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Innspelt | 1969 | |
Sjanger | Roots-rock, southern rock, bluesrock | |
Lengd | 2:21 | |
Selskap | Fantasy | |
Komponist | John Fogerty | |
Tekstforfattar | John Fogerty | |
Låtskrivar(ar) | John Fogerty | |
Produsent | John Fogerty | |
Creedence Clearwater Revival-kronologi | ||
«Down on the Corner» (1969) |
Fortunate Son | «Travelin' Band» (1970)
|
«Fortunate Son» er ein song av Creedence Clearwater Revival på albumet Willy and the Poor Boys frå 1969. Han vart gjeven ut som singel i lag med «Down on the Corner» i september 1969.[1] Denne songen nåded 14. plassen på singellista i USA den 22. november 1969, veka før Billboard gjekk bort frå praksisen med å liste begge sidene av ein singel. Denne songen og den andre sida, «Down On The Corner», klatra i lag til niandeplassen veka etter og nådde tredjeplassen tre veker seinare, den 20. desember 1969.[2] Singelen hadde seld til gullplate i desember 1970.[3] Pitchfork Media plasserte songen på 17. plass på lista si over dei 200 beste songane frå 1960-åra.[4]