Fottur er ein tur der ein går til fots over ei lengre strekning, gjerne i fleire timar eller dagar. Tidlegare var det ei vanleg reiseform, men no er det først og fremst ein fritidsaktivitet. Slik vandring er forbunde med ei oppleving av omgjevnadene (som oftast natur), ei form for mosjon og ein viktig økonomisk faktor innan sommarturisme. Fleire naturskjønne område har eit velutvikla nett av vandreruter.
Ein kan skilja mellom turar med og uten føremål. Turar kan berre ha det å vandra som mål, til dømes for å ha ei oppleving eller koma i form, men det kan òg ha konkret mål som valfart, flukt, leit etter arbeid eller ressursar, handel og militær marsj.