Frampton Comes Alive! Konsertalbum av Peter Frampton | ||
Utgjeve | 6. januar 1976(USA) 13. februar 1976(Storbritannia) | |
Innspelt | Marin County Civic Center i San Rafael i California, 16. juni 1975 Winterland Ballroom i San Francisco, 17. juni 1975 Long Island Arena i Commack i New York, 24. august 1975 SUNY Plattsburgh i Plattsburgh, NY, 22. november 1975 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 1:18:06 | |
Selskap | A&M | |
Tekstforfattar | Peter Frampton | |
Produsent | Peter Frampton | |
Peter Frampton-kronologi | ||
---|---|---|
Frampton (1975) |
Frampton Comes Alive! | I'm in You (1977)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | B− link |
Frampton Comes Alive! er eit dobbelt konsertalbum av den engelske rockemusikaren Peter Frampton, gjeve ut i 1976. Det er eit av dei bestseljande konsertalbuma i USA. «Show Me the Way», «Baby, I Love Your Way» og «Do You Feel Like We Do» vart gjevne ut som singlar. Etter fire soloalbum med lite kommersiell suksess, slo Frampton igjennom med dette konsertalbumet.
Albumet kom ut 6. januar 1976 og nådde etter kvart toppen av Billboard 200 i USA i veka som slutta 10. april 1976, og låg totalt på toppen i ti veker. Det vart det bestseljande albumet i 1976 i USA med over åtte millionar selde eksemplar[1] og vart eit av dei bestseljande konsertalbuma gjennom tidene, med kring 11 millionar selde eksemplar verda over.[2]
Frampton Comes Alive! vart stemt fram som «Årets album» av lesarane til Rolling Stone i 1976. Det låg 97 veker inne på lista og låg framleis på 14. plassen på årslista til Billboard for heile 1977. Det vart rangert på 41. plassen av Rolling Stone på lista deira over dei beste konsertalbuma gjennom tidene.[3]