Franklin Delano Roosevelt | |||
| |||
Fødd | 30. januar 1882 Hyde Park | ||
---|---|---|---|
Død | 12. april 1945 (63 år) | ||
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Religion | Protestantisme | ||
Yrke | advokat, politikar, statsmann, golfspiller, manusforfattar | ||
Utdanna ved | Harvard College Columbia Law School Groton School | ||
Mor | Sara Roosevelt | ||
Far | James Roosevelt | ||
Ektefelle | Eleanor Roosevelt | ||
Barn | Elliott Roosevelt, Franklin Delano Roosevelt, John Aspinwall Roosevelt, Anna Roosevelt Halsted, James Roosevelt, Franklin Delano Roosevelt | ||
Føregangar | Herbert Hoover | ||
Etterfylgjar | Harry S. Truman | ||
Alle verv |
|
Franklin Delano Roosevelt (30. januar 1882–12. april 1945) var ein politikar og president i USA. I kortform vert han ofte omtala berre som «FDR». Han er mest kjend for New Deal-programmet og for å ha leia USA gjennom andre verdskrigen. Roosevelt er den einaste presidenten i USA som har vunne fire presidentval.
Han fekk diagnosen polio då han var 39 år. Etter dette kunne han ikkje gå på eiga hand, og måtte mykje bruka rullestol. Roosevelt døydde like før krigen var over. Visepresident Harry S. Truman vart ny president.