Frans Josef I | |||
| |||
Keisar av Austerrike-Ungarn | |||
Regjeringstid | 2. desember 1848- 21. november 1916 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 18. august 1830 | ||
Fødestad | Schönbrunn, Wien | ||
Død | 21. november 1916 (86 år) | ||
Dødsstad | Schönbrunn, Wien | ||
Gravstad | Kapusinarkrypta | ||
Gift med | Elisabeth av Bayern | ||
Dynasti | Habsburg-Lothringen | ||
Far | Franz Karl av Austerrike | ||
Mor | Sophie Friederike von Bayern | ||
Born | Sofie av Østerrike, Gisela von Österreich, Rudolf av Østerrike, Marie Valerie av Østerrike |
Frans Josef I av Asterrike (18. august 1830–21. november 1916) var keisar av Austerrike (1848–1916) og konge av Ungarn (1867–1916). Han var son av erkehertug Franz Karl av Austerrike og prinsesse Sophie av Bayern, og barnebarn av keisar Frans II av Det tysk-romerske riket.
Frans Josef I blei keisar av Austerrike etter at farbroren hans, Ferdinand I av Austerrike, abdiserte som følgje av uro i 1848. Far hans hadde allereie sagt frå seg retten til trona.
I krigen mot Sardinia i 1859 og mot Prøyssen i 1866 leia Frans Josef den tapande sida. Tapa var med på å bringa fram forfatningsreforma Ausgleich i 1867, noko som mellom anna innebar at det ungarske kongedømmet blei gjenoppretta i union med Austerrike.