Franz Schubert | |||
![]() | |||
Fødd | 31. januar 1797 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Himmelpfortgrund, Wien | ||
Død | 19. november 1828 (31 år) | ||
Dødsstad | Wien | ||
Fødenamn | Franz Peter Schubert | ||
Opphav | Keisardømet Austerrike, Erkehertugdømet Austerrike | ||
Aktiv | 1810–1828 | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | piano, fiolin | ||
Verka som | komponist, pianist, lærar | ||
Far | Franz Theodor Schubert |
Franz Peter Schubert (31. januar 1797–19. november 1828) var ein austerriksk komponist frå Wien. Gjennom eit kort liv skreiv han ei rekkje stemningsfulle, melodiske meisterverk. Mykje av det han skreiv var Lieder og kammermusikk som kunne framførast i mindre salongar og heimar, men han komponerte også messer, scenemusikk og musikk for større ensemble. Schubert er gått inn i musikkhistoria som ein overgang mellom wienerklassisismen og romantikken.