Freden i Limerick

Avtalesteinen som freden i Limerick vart signert på.

Freden i Limerick enda den vilhelminske krigen i Irland mellom jakobittane og støttespelarane til Vilhelm av Oranien. Han avslutta omleiringa av Limerick. Avtalen bestod i røynda av to avtalar og vart signert den 3. oktober 1691. Visstnok vart dei signert på Avtalesteinen (Treaty Stone), ein stein som ein gong vart nytta til å stige på hestar. Denne steinen står no på ein sokkel i Limerick. På grunn av avtalen vert Limerick stundom kalla Treaty City.[1][2]

  1. University College Cork - The Treaty of Limerick, 1691
  2. Limerick City: A Bit of History - The Treaty of Limerick, arkivert frå originalen 3. november 2004, henta 23. januar 2012 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne