Fredrik

Namnetrekket til Friedrich Schiller.

Fredrik og Frederik er skandinaviske mannsnamn sett saman av 'fred' og -rik, 'herskar', 'mektig'. Fredrik har norsk namnedag den 14. november.

Dei eldste formene av namnet er gammaltysk Frithuric og angelsaksisk Freodheric. Ein finn att namnet som forledd i nokre eldre norske stadnamn, noko som tyder på eit tilsvarande norrønt namn, men dette er ikkje kjend. Ein kjenner til bruk av namnet i Noreg sidan om lag 1060.

Namna har ei rekke ulike skrivemåtar, avleidde former og kortformer. På tysk er det Friedrich og Friederich, på engelsk Fredric(k) eller Frederick, på fransk Frédéric, på italiensk Frederico eller Federico, osb. Kortformer er mellom anna engelske Fred og Freddy, norske Frikk og tyske Fritz. Kvinnenamn forma av Fredrik er mellom anna Frederica, Fredrikke, Frida og Rikke.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne