Fredrikstad kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Adm.senter | Fredrikstad | ||
Areal | 292,56 km² | ||
• land | 290,31 km² | ||
• vatn | 2,25 km² | ||
Folketal | 85 230 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Arne Sekkelsten (H) | ||
Kommunenr. | 3107 | ||
Fredrikstad 59°13′00″N 10°57′00″E / 59.216667°N 10.95°E | |||
Kart som viser Fredrikstad kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Fredrikstad | |||
Nettstad: www.fredrikstad.kommune.no |
Fredrikstad kommune er ein kommune i Østfold fylke. Han ligg omkring munningen og det nedre løpet av elva Glomma, på vestbreidda nedanfor Visterflo, på austbreidda nedanfor busetnaden Årum like under Sarpefossen. Kommunen omfattar også områda langs austbreidda av Oslofjorden med øyane utanfor, og øyane utanfor munningen av Glomma. Kommunen grensar til Råde kommune i nordvest, til Sarpsborg kommune i aust og nordaust og til Hvaler kommune i sør.
Administrasjonssenteret i kommunen, Fredrikstad by, utgjer saman med Sarpsborg ein tettstad på begge sider av Glomma, frå Viker i Onsøy i sørvest til Hafslundøy aust for Sarpsborg i nordaust. I tillegg har Fredrikstad åtte mindre, sjølvstendige tettstader. Dei største av desse er Lervik, Spetalen, Skivika og Slevik.