Fregattfuglar | |
![]() Praktfregattfugl (hann) Fregata magnificens Foto: Clark Anderson/Aquaimages
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Sulefuglar Suliformes |
Familie: | Fregattfuglar Fregatidae |
Fregattfuglar er ein familie, Fregatidae, av tropiske pelikanfuglar. Det er klassifisert fem artar i ei slekt, Fregata. Dei vert òg kalla piratar. Venger, stjert og nebb er lange, hannane har ein raud strupesekk som dei kan blåse opp i hekketida for å trekke til seg make.
Fregattfuglane er pelagiske. Ein del av dietten tar dei ved å stele frå andre sjøfugl, ei åtferd som har gjeve namnet til desse fuglane. Dessutan skaffar dei mat ved å snappe fugleungar av andre artar. Dei er sesongvis monogame og hekkar i koloniar. Reira er lite forseggjorte byggverk i låge tre eller på bakken. Det er eitt egg i kvart kull og lengda på perioden for omsorg av ungane er den lengste av alle fuglar.