Fresh Cream Studioalbum av Cream | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. desember 1966 | |
Innspelt | August–november 1966 | |
Studio |
| |
Sjanger | Psykedelisk rock, bluesrock | |
Lengd | 38:10 | |
Selskap | Reaction | |
Produsent | Robert Stigwood | |
Cream-kronologi | ||
---|---|---|
Fresh Cream | Disraeli Gears (1967) | |
Singlar frå Fresh Cream | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
BBC Music | (særs positiv)[2] |
Robert Christgau | A–[3] |
Uncut | [4] |
Daily Express | (positiv)[5] |
The 1000 Best Pop-Rock Albums | [6] |
Ultimate Classic Rock | (positiv)[7] |
Fresh Cream er debutalbumet til det britiske rockebandet Cream. Albumet kom ut i Storbritannia den 9. desember 1966, som den første utgjevinga på Reaction Records, som var eigd av produsenten Robert Stigwood. Den britiske utgåva kom ut i både mono og stereo, samstundes med singelen «I Feel Free».[8]
Albumet kom ut i ei litt anna form i januar 1967 på Atco Records i USA.[9] Albumet nådde sjetteplassen på UK Albums Chart og 39. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.[10]
Monoversjonane vart sletta ikkje lenge etter albumet kom ut og i mange år varr det berre stereoinnspelinga som fanst. Den britiske monoversjonen kom ut på CD for første gongen i Japan på Universal Music seint i 2013 som ein del av ei luksusutgåve med SHM-CD og SHM-SACD.[11] I januar 2017 kom albumet ut på ny igjen, på Polydor, i ein boks med fire CD-plater, med både mono- og stereoversjonane av den britiske og amerikanske utgåva av albumet, med singlar og B-sider.[12]ruar 2017|via=Google Books}}</ref>
I 2003 vart albumet rangert på 101. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[13]