Friidrett er ei samling idrettsøvingar som typisk blir utført av enkeltutøvarar med få hjelpemiddel. Øvingane består i hovudtrekk av hopp, løp og kast innanfor visse rammer. Ein tevla innan friidrett under dei antikke olympiske leikane, og desse øvingane har også utgjort ryggraden i dei moderne olympiske leikane.
I dag blir friidrett vanlegvis arrangert på ein 400 meter lang bane, der dei fleste løpsøvelsene blir arrangert, med eit felt innanfor der kast- og hoppøvelsane finn stad.
Det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF (International Association of Athletics Federations), blei grunnlagt i 1912 ved ein kongress i Stockholm. Det er IAAF som arrangerer VM i friidrett, første gong i 1983 i Helsingfors. Norsk friidrett er organisert i Norges Fri-idrettsforbund (NFIF).