Frisindede Venstre | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Abraham Berge | ||
Grunnleggjarar | Christian Michelsen | ||
Grunnlagt | 1. mars 1909[1] | ||
Nedlagt | 1945 | ||
Fusjonert med | Høgre | ||
Ideologi | klassisk liberalisme, nasjonalliberalisme, antikommunisme, høyreradikalisme ![]() | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre, høgresida |
Det Frisindede Venstre, Frisinnede Venstre, Frisinna Venstre, Frilynde Vinstre, seinare Frisindede Folkeparti var eit norsk politisk parti. Partiet vart stifta 1. mars 1909 under leiing av tidlegare statsminister Christian Michelsen. Partimedlemmene var stort sett utbrytarar frå den mest konservative delen av Venstre. Det Frisindede Venstre var dei innan Venstre som ynskte eit nært samarbeid med Høgre. Partiet var med i fleire regjeringar saman med Høgre. Abraham Berge og Wollert Konow (SB) var båe statsministrar som kom frå Frisindede Venstre. Frisindede Venstre endra namn til Frisindede Folkeparti i 1932. Partiet var nedlagd i 1936. Dei fleste i tidlegare Det Frisindede Venstre hadde då gått inn i Høgre.