59°55′1.3548″N 10°42′21.308″E / 59.917043000°N 10.70591889°E
Frogner | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Frogner 59°55′01″N 10°42′21″E / 59.917043°N 10.705919°E | |||
Plasseringa til Frogner i Oslo.
| |||
Wikimedia Commons: Frogner (Oslo) |
Frogner er ein administrativ bydel i Oslo. Han ligg vest for sentrum, og har 49 058 innbyggjarar (2009).[1] Frogner er mellom anna kjent for Frognerparken.
Bydel Frogner har namn etter strøket Frogner, som igjen har namn frå storgarden Frogner hovedgård. I tillegg til strøket Frogner omfattar bydelen nabolag som Uranienborg, Briskeby, Skarpsno, Skillebekk, Majorstua og Bygdøy.
Eit stort fleirtal av ambassadane i Oslo ligg i bydelen. Bydel Frogner grensar til dei administrative bydelane Ullern, Veste Aker og St. Hanshaugen, i tillegg til Oslo sentrum.