From a Basement on the Hill Studioalbum av Elliott Smith | ||
Utgjeve | 19. oktober 2004 | |
Sjanger | Indie-rock | |
Lengd | 57:54 | |
Selskap | ANTI- | |
Produsent | Elliott Smith Rob Schnapf Joanna Bolme | |
Elliott Smith-kronologi | ||
---|---|---|
Figure 8 | From a Basement on the Hill | New Moon
|
From a Basement on The Hill er det sjette albumet til den amerikanske musikaren Elliott Smith. Albumet vart utgjeve 19. oktober 2004, etter Smith sin død.
From a Basement on the Hill var uferdig når Smith døydde, og familien henta derfor inn Rob Schnapf og Smith sin eks-kjærast, Joanna Bolme, for å rydde opp og fullføre albumet. Sjølv om Smith hadde sagt fleire gongar at han ville at albumet skulle vere eit dobbel-album, vart albumet gjeve ut som eit vanleg album med 15 songar. Mange av songane Smith hadde tenkt å ha med på albumet var uferdige, og mangla i mange tilfelle vokalar.