Frontalangrep er ein militær taktikk som tyder å angripa ein fiende i fronten.[1] Det er der fienden sitt forsvar er sterkast, og vil føre til store tap hjå eigne styrkar. Det kan likevel vere det einaste alternativet ein militær sjef har ut i frå situasjonen, og bør innehalde skinnangrep, sterk eldstøtte, og under røykteppe og mørke.