Frygia

Ein griff, sfinks, og kentaurar, detaljer frå ein frygisk bygning.
Frygiske soldatar, frå utgravingane i Gordion

Frygia (gresk Φρυγία, tyrkisk Frigya) var eit kongedøme i den vestlege delen av Anatolia (Vesleasia) i kva som i dag er Tyrkia, sentrert rundt elva Sakarya (gresk Σαγγάριος, latin Sangarius). Frygarane var eit indoeuropeisk folk som truleg innvandra til vestlege Anatolia frå det som i dag er MakedoniaBalkan på slutten av bronsealderen. I løpet av 700-talet f.Kr danna frygarane sitt eige kongerike med hovudstad i Gordion.

Frygarane er mest kjende for sine sogekongar frå den heroiske tidsalderen i gresk mytologi: Gordias, kjend for den gordiske knuten som seinare vart løyst av Aleksander den store; Midas som vart «løna» av Dionysos ved at alt han rørde vart til gull; og Mygdon som låg i krig med amasonane, eit legendarisk krigarfolk av kvinner. Ifølgje Iliaden av Homer var frygarane allierte med trojanarane og deltok i den trojanske krigen mot grekarane.

Frygisk makt nådde høgdepunktet sitt på slutten av 700-talet under ein annan, historisk kong Midas som samtidige assyriske kjelder frå mellom 718 og 709 f.Kr kallar for Mit-ta-a. Han synest å ha dominert det meste vestlege og sentrale Anatolia og rivaliserte Assyria og Urartu for makta og overherredøme i austlege Anatolia. Denne seinare Midas var likevel òg den siste sjølvstendige kongen av Frygia før hovudstaden Gordion vart herja av kimmeriarar ein gong rundt 695 f.Kr Frygia vart deretter underlagt Lydia og deretter i rekkjefølge til Persia, Aleksander den store og hans seinare hellenistiske etterfølgjarar, Pergamon, Romarriket og Austromarriket. Frygarane vart gradvis assimilert inn i andre kulturar tidleg i mellomalderen, og namnet Frygia gjekk ut av bruk som namn på eit område etter den muslimske erobringa av Anatolia.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne