Fuktig subtropisk klima er ei klimasone som er varm og fuktig om sommaren og kjølig eller mild om vinteren. Nedbørsmengdene er meir eller mindre jamnt fordelt gjennom året. Det er mange område som fell inn under denne klimasona, og uttrykket «subtropisk» kan vere misvisande for vinterklimaet i dei kjøligare områda innanfor sona. Vinternedbør, av og til som snø, får ein i samband med store lågtrykkssystem som vestavinden fører frå vest mot aust. Nedbøren om sommaren kjem stort sett i samband med torevêr og av og til i samband med tropiske stormar eller tropiske syklonar. Fuktig subtropisk klima finn ein på søraustsida av alle kontinenta utanom Antarktis, hovudsakleg mellom 24º og 37º. Dei årlege normale ekstremtemperaturane er hovudsakleg mellom -12 °C og 43 °C, men dette kan variere stort frå stad til stad.