Fundamentalisme viser til antimodernistiske rørsler i ymse religionar, og er eit omgrep mellom anna brukt i samanliknande religion. På mange måtar er fundamentalisme eit moderne fenomen, karakterisert av ei kjensle av sterk framandgjering i høve til den kulturelle omgivnaden, også der kulturen er nominelt dominert av dei aktuelle fundamentalistane sin eigen religion. Termen kan òg referere spesifikt til trua på at eins religiøse tekstar er ufeilbarlege og historisk nøyaktige, trass i at moderne vitskapleg gransking seier det motsette. Mange grupper omtala som fundamentalistiske er ofte mykje imot nemninga på grunn av dei negative konnotasjonane ho ber, eller fordi det impliserer ein likskap mellom dei og andre grupper, noko dei nektar for.
Sjølv om termen fundamentalisme i folkeleg bruk nokre gonger refererer på ein nedsetjande måte til ei kvar religiøs yttergruppe, eller til ekstremistiske etniske rørsler der den religiøse motiveringa berre er nominell, så har nemninga ei meir presis tyding. «Fundamentalistisk» omtalar ein freistnad på å vende tilbake til det som blir sett som dei definerande eller grunnleggjande prinsippa i religionen. Nemninga har særleg komme til å referere til alle religiøse enklavar som medvite gjer motstand mot identifisering med den større religiøse gruppa dei opphavleg oppstod innanfor, på det grunnlaget at dei fundamentale (grunnleggjande) prinsippa som den større religiøse gruppa er grunnlagd på, har vorte utvatna eller erstatta av alternative prinsipp i motsetning til den eigentlege identiteten til den religiøse gruppa.
Danninga av ein separat identitet blir sedd som naudsynt på grunn av at ein meiner det religiøse fellesskapet har gitt opp å definere seg sjølv religiøst. Det fundamentale (grunnleggjande) i religionen er neglisjert, tapt gjennom kompromiss og gløymsle, slik at det allmenne religiøse fellesskapet si sjølvforklaring verkar for separatisten å vere fullstendig framand i høve til sjølve religionen. Fundamentalistiske rørsler er derfor skipa etter dei same religiøse prinsippa som den større gruppa, men fundamentalistane freistar meir medvite å byggje ei heil tilnærming til den moderne verda basert på streng truskap til desse prinsippa, for å vere annleis enn andre både i doktrine og livsførsel.