Fury Eyes Singel av The Creatures frå albumet Boomerang | ||
B-side |
«Abstinence (Short)», «Abstinence (Long)», «Fury Eyes (20/20 Remix)» | |
---|---|---|
Utgjeve | 19. februar 1990 | |
Innspelt | May 1989 | |
Sjanger | Alternativ rock | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Polydor, Geffen | |
Låtskrivar(ar) | The Creatures | |
Produsent | Mike Hedges, The Creatures | |
The Creatures-kronologi | ||
«Standing There» (1989) |
Fury Eyes | «2nd Floor» (1998) |
Siouxsie-kronologi | ||
«Standing There» (1989) |
Fury Eyes | «Kiss Them for Me» (1991)
|
«Fury Eyes» er ein song av det engelske bandet The Creatures (med songaren Siouxsie Sioux og trommeslagaren Budgie). Songen vart produsert i lag med Mike Hedges. Han vart remiska av Pascal Gabriel for den andre singelen deira frå det kritikarroste albumet Boomerang.[1]
Songen var inspirert av romanen In the Eyes of Mr. Fury av Philip Ridley frå 1989.[2] Singelen kom ut før duoen la ut på den aller første europeiske turneen sin. Plateomslaget vart skapt av Anton Corbijn og Area og bileta vart tekne i Andalucia i Spania i mai 1989.
Songen vart populær på amerikansk, alternativ radio og nådde 12. plassen på Billboard Modern Rock Tracks-lista i mars 1990.[3]