Future Games

Future Games
Studioalbum av Fleetwood Mac
Språk engelsk
Utgjeve 3. september 1971
Innspelt Juni-august 1971 i Advision Studios i London i England
Sjanger Rock
Lengd 42:22
Selskap Reprise
Produsent Fleetwood Mac
Fleetwood Mac-kronologi 
Kiln House
(1970)
Future Games Bare Trees
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]
Robert Christgau(B)[2]

Future Games er det femte studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1971. Det var det første albumet deira med den amerikanske gitaristen Bob Welch og det første med Christine McVie som fulltidsmedlem. Utan 1950-talsmusikken til gitaristen Jeremy Spencer, som no hadde slutta i bandet, gjekk bandet eit ytterlegare steg bort frå blues og nærare den melodiske popstilen dei til slutt skulle bryte gjennom i Amerika med fire år seinare. Etter bandet bandet hadde spelt inn albumet og gjeve det frå seg, kom plateselskapet attende og sa at dei ikkje ville gje ut albumet med berre sju songar, og kravde at dei spelte inn ein åttande. «What a Shame» vart då spelt inn i all hast som ein jam.[treng kjelde]

I 2001 gav Sincer Records ut albumet på ny på CD.

Ein kraftig redigert versjon av «Sands of Time» vart ein mislukka singel i USA og somme andre land. Albumet vart likevel spelt ein del på FM-radio.[treng kjelde] Tittelsporet «Future Games» vart seinare spelt inn på ny av Bob Welch i 1979 for soloalbumet hans The Other One.

Det finst ein tidleg versjon av «Morning Rain» med tittelen «Start Again» for ei BBC-innspeling den 5. januar 1971.[3]

  1. Allmusic review
  2. Robert Christgau review
  3. Live at the BBC 5-1-71 (CD running order). Fleetwood Mac. Reprise. 1971. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne