Fylkesveg 17

Fylkesveg 17
17
Strekning
BodøSteinkjer
Fylkesveg 17
Informasjon
Lengd 630,5 km
Status fylkesveg
nasjonal turistveg
Ferjestrekningar 6
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 17 Fylkesveg 17
Restriksjonar
Bomstasjonar 1
Sjå òg fylkesveg 17 (fleirtyding)

Fylkesveg 17 (Fv17), òg kalla Kystriksvegen, er ein veg som går mellom Bodø kommune og Steinkjer kommune. Meir presist går riksveg 17 mellom E6 ved Asp, ca. 7 km nord for Steinkjer til Rv80 ved Tverlandet, ca. 18 km aust frå Bodø. Med unntak av ferjestrekningane er lengda på vegen mellom Asp og Løding 630,5 km, av dette 173,9 km i Nord-Trøndelag og 456,6 km i Nordland.

Vegen følgjer hovudsakleg kysten av Nord-Trøndelag og Nordland og er kjent for dei mange turistattraksjonane.

Strekninga mellom Stokkvågen, i Lurøy kommune vest for Mo i Rana, og Storvika i Gildeskål kommune sør for Bodø utgjer Nasjonal turistveg HelgelandSalten.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne