Fylkesveg 515 | |||
---|---|---|---|
515 | |||
Strekning | |||
Grinde – Nedstrand i Tysvær | |||
Informasjon | |||
Lengd | 37 km | ||
Status | fylkesveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
![]() ![]() |
Fylkesveg 515 (Fv515) går mellom Grinde og Nedstrand i Tysvær. Veglengda er 37 km.
Han tar av frå E39 ved Grinde og går austover til Skjoldafjorden, over Skjoldastraumen, sørover på austsida av Skjoldafjorden til Espevik og deretter austover forbi Hinderåvåg til Nedstrand ferje.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.